Velkommen til Etnecup

Etne fotball har for 38. gang gleda av å invitere til etnecup i tidsrommet 15 – 17. juni 2018

Våre gullsponsorar

Marine HarvestEtne Sand og PukkMedieverketEuroskoEtne Auto ASRadio HaugalandBunnprisSKLEtne BetongEtne El LagEtne SpareBankGrannar

Turneringsinfo

november 7th, 2016

SPELESYSTEM

Etnecup følger Rogaland fotballkrets sine fotballreglar.

Etne Cup er inndelt i 9 klassar. Kvar klasse blir inndelt i puljar på 4 – 5 lag.

Klasseinndelinga er oppstilt på side «Framside». For å halde kvaliteten på Etne Cup oppe, har me sett tak på lag som får delta.

For at det skal bli avvikla spel i klasse 8 og 9 må det vera påmeldt min. 8 lag i kvar klasse.

Bruk av overårige spillere følger NFF breddereglementet §2.3 og §2.4

Blir det for lita påmelding kan det bli samanslåing av klassar.

Klassane  1 – 3 blir spelt som 5`er fotball, klassane 4, 5, 6, 7  blir spela som 7`er fotball i samsvar med reglane til R.F.K for barnefotball, med unntak av speletida som er 2×15 minutt.

Klassane 8 og 9 blir spelt som 9`er fotball. . Alle dissse i samsvar med reglane til R.F.K for ungdomsfotball, med unntak av speletida som er 2×20 minutt. Kampane vert spelt på Steinsvollen (5 minutt med buss/bil)

Fredag 16. juni blir det spela enkel serie på gras- og kunstgras banar.

Alle lag som deltek i Etne Cup må vera førebudd på å spela kamp fredag kl. 17.00.

Laurdag 17. juni fortsett seriespelet samt ein del sluttspelkampar.

Søndag 18. juni spelar alle lag i kl. 1 – 7 ein kamp mot ein ny motstandar. Alle lag i klassane 8 og 9 spelar enten  plasseringskamp eller finalar.

Reglar for klassane 8 og 9:

Ved poenglikskap avgjer målskilnaden, innbyrdes oppgjer og loddtrekning i nemnde rekkefølgje.

Finalane blir spelt over 2×25 minutt. Ved uavgjort i sluttspelkampar blir det spelt 2×5 min ekstraomgangar. Ved framleis uavgjort vert det telt cornerar (corner i ekstraomganger tel også) og er det framleis uavgjort føreteke me loddtrekning. Den vert utført av lagleiarane. Med atterhald om veret, blir kampane spela på grasbanar og kunstgrasbane.

Klagenemd:

Det vil bli oppnemnd ei klagenemd på 3 medlemmer blant dei deltakande laga. Turneringsleiar er formann

Baneoversikt:

Baneunderlag på banane

1.  Gras
2.  Gras
3.  Gras
4.  Kunstgras
5.  Kunstgras
6.  Kunstgras
7.  Kunstgras 
8.  Kunstgras
9.  Gras
10.Gras
11. Gras
12. Gras
13. Gras
14. Gras16. Grus (reservebane)
17. Grus (reservebane)
18. Gras (Steinsvollen)
19. Gras (Steinsvollen)

20.Gras (Steinsvollen)

PREMIERING

Alle deltakarane får statuett etter siste kamp søndag.

I tillegg blir det delt ut vandrepokal til vinnaren i klassane 8 og 9.

Det blir delt ut premiar til inntil 15 spelarar og 2 lagleiarar pr. lag.

Våre sølvsponsorar

WeeFelleskjøpetUmbroMulti VedlikeholdJohn Lundal & sønner AsEtne bygdemølleTveit Maskin ASHaugaland TransportWestConEtne SenterCoopMCEEtne Service Senter

Våre bronsesponsorar

MøbelringenAllianceXL ByggUrmaker ArnestadTveit RegnskapØlen BetongSkånevikstrand MaskinstasjonLauareidTungesvikEtne ElektrosenterÅkrafjordtunet